Helse- og oppvekstfag er ei yrkesfagleg utdanning og er for deg som er omsorgsfull og liker å samhandle med andre. Etter 2 år på skule kan du gå ut i lære. Du kan også ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.
Vi tilbyr vg1
Vg1 er felles for alle som tar helse- og oppvekstfag. Det er mange ulike programområde du kan gå vidare til på vg2. Det kan du lese meir om på vilbli.no. Austrheim vgs tilbyr diverre ikkje barne- og ungdomsarbeidarfaget vg2 skuleåret 2022/2023.
Austrheim vidaregåande samarbeider med frivillige organisasjonar, bedrifter og kommunar i Nordhordland. Dette gjer at du får testa ut i praksis det du lærer i teorien. Det er praksis både på vg1 og vg2, og elevane vil saman med lærarane også ha ansvar for ulike arrangement i både barnehage, skule og frivillige organisasjonar.
Internasjonal praksis
Skulen har hatt samarbeid med barnehagar i London om utplassering av vg1-elevar. Det kan vere aktuelt å vidareføre Erasmus+-prosjekt i andre land.
Kvifor velje helse- og oppvekstfag?
Trivst du med å arbeide med menneske i alle aldrar og med ulike hjelpebehov? Ønskjer du arbeidsdagar som er varierte og utfordrande? Då kan helse- og oppvekstfag vere noko for deg!
Kva kan du bli?
Du kan velje mellom mange yrke og arbeidsplassar innan helse- og oppvekstfag, både i offentleg og privat sektor. Nokre eksempel på aktuelle yrke er:
- barne- og ungdomsarbeidar
- ambulansepersonell
- helsefagarbeidar
- helsesekretær
- hudpleiar
- tannhelsesekretær
- apotekteknikar, med fleire
Lurer du på kva du skal bli eller kva fag du kan velje på vg2? Ta kontakt med avdelingsleiaren (sjå kontaktinfo nedst på sida) eller les meir på vilbli.no.