Hopp til hovedinnhold

Sjå kva me driv med på skulen vår

Dronebilete av Austrheim vgs

Som søkjar, føresette til søkjar eller ny elev vil du her sjå korleis elevane har det på skulen vår. Du finn filmsnuttar frå kvart programområde me tilbyr. Nederst på sida ligg mellom anna den nye skulebrosjyra og informasjonsfilmen vår.

Bygg- og anleggsfag

Bygg- og anleggsteknikk er ei yrkesfagleg utdanning. Det betyr at du går to år på skule før du begynner som lærling i ei bedrift. Du kan i tillegg ta påbygg til generell studiekompeta​nse før eller etter læretida.

Forteljarstemme i filmen: Har du tenkt på at det faktisk er dei folka med arbeidsbukse, med hammar og drill i handa som faktisk skapar og bevarer dei største fysiske verdiane vi har i samfunnet. Byggebransjen er tidlaus, og kjem, i kontrast til mange andre fagområder, aldri til å forsvinne. Vi kjem alltid til å trenge arbeidsame menn og kvinner, som gong på gong brettar opp armane og fortset å bygge landet vårt.
Bygg- og anleggsteknikk ved Austrheim vidaregåande skule kan gi deg ein god inngangsbillett til byggebransjen. Her lærer du det grunnleggande, samstundes som du får prøve deg på mange varierte arbeidsoppgåver. Skulen legg vekt på tømrar-oppdrag i nærmiljøet, og du får vere med på mange ulike oppdrag for både det private og det offentlege. Om du for eksempel velger tømrarfag på vg2, får du rundt 15 veker i praksis ute i ei bedrift. Godt over 90 prosent av elevane får læreplass etter skulen. Austrheim vidaregåande skule er kanskje ein liten skule, men har eit godt og inkluderande miljø, og her er det er lett å bli kjent med folk, også på tvers av klassane.
Bygg- og anleggsteknikk ved Austrheim vgs vil gi deg grunnlaget for eit variert og aktivt arbeidsliv.

Helse- og oppvekstfag

Helse- og oppvekstfag er ei yrkesfagleg utdanning. Utdanninga kan føre fram til fagbrev eller yrkeskompetanse, avhengig av kva fag du vel. Det er òg mogleg å ta påbygg til generell studiekompetanse.

Helse og oppvekst Austrheim Vgs

Forteljarstemme i filmen: Trivst du med å jobbe med menneske i alle aldre og ulike livssituasjonar? Likar du å hjelpe og vise omsorg, i tillegg til varierte og utfordrande arbeidsdagar? Ja, då er sannsynlegvis helse- og oppvekstfaget noko for deg. Helse- og oppvekstfag på Austrheim vidaregåande skule vil gi deg kunnskapen du treng for ei yrkesretning kor du får jobbe med barn og unge, sjuke, eldre, funksjonshemma eller menneske i ein vanskeleg livssituasjon. Du vil i tillegg få masse erfaring gjennom skuleåret. Skulen tilbyr praksis i det offentlege, som barnehagar, skular og fritidsklubbar.

Austrheim vidaregåande skule, er i grunnen ein liten skule, men med eit godt og inkluderande miljø, kor det er lett å bli kjent med folk, også på tvers av klassane. På vg2 jobbar du deg mot tittelen “barne- og ungdomsarbeidar”. Austrheim vidaregåande har eit tett samarbeid med lokale skular og barnehagar, kor du og får vere med på å legge til rette for ulike aktivitetar for barna. Ein veldig høg andel av elevane får læreplass etter skulen. Helse- og oppvekstfaget er første skit inn i ein variert og krevjande, men og ekstremt givande arbeidskvardag.

Oppdrettsanlegg

Naturbruk

Dette er utdanninga for deg som er praktisk anlagt, interessert i utandørsarbeid og likar å jobbe med menneske, dyr, miljø og naturressursar. Austrheim vgs har blå profil på naturbruk, og er såleis retta mot akvakultur (oppdrett av fisk og anna sjømat) og fiske.

Filmen syner bilder og glimt frå oppstarten av den nye linja her ved Austrheim vgs, naturbruk. Elevane har ein mjuk skulestart med mykje leik og moro og aktivitetar for å bli godt kjende med kvarandre. Filmen viser og glimt frå då dei var på besøk hjå Skjærgårdsfisk på Marøy, hjå Havforskingsinstituttet på Matre, og når dei er ute på oppdrettsanlegg. Her er også nokre glimt frå tur til Molvik der dei fekk oppleva biegarden på nært hald. Her var det kos rundt bålet og overnatting i hengekøye. Elevane har og vore på fleire fisketurar. Her er og bilder frå ein frisk tur i drittver til Firda Seafood sitt anlegg på Byrknes. Noko av pensum er å lage mat av fisk og anna dei får i havet, og å dyrke grønsaker. Her er og nokre glimt frå praksisperioden elevane har hatt.

Studiespesialisering

Ønskjer du å studere ved universitet eller høgskule? Då kan du velje studiespesialisering. Utdanninga er treårig og fører fram til generell studiekompetanse. Du kan òg velje fag som gir spesiell studiekompetanse.

Forteljarstemme i filmen: Om du planlegg å studere, eller er ein av dei som ønskjer å ha alle moglegheiter for høgare utdanning, er studiespesialiserande vegen for deg. Ved Austrheim vidaregåande skule kan du gå studiespesialiserande i spektakulære omgivnadar, med havet som nærmaste nabo. Sjølve skulen er liten, med eit varmt og inkluderande miljø, kor det er lett å bli kjent på tvers av klassane. Elevmentorane er med på å skape eit trygt og godt skulemiljø.
Du kan for eksempel fordjupe deg i samfunnsfag, språk eller realfag, samtidig som du utfordrer deg sjølv i ulike vannsportar, som til dømes havkajakk. Med den spektakulære naturen som nærmaste nabo, får du og moglegheit til å velje programfaget friluftsliv på vg2.
Ønsker du å oppleve verden, er det og moglegheit for utanlandstur med klassen.
Fagleg sterk. Eit trygt og godt studiemiljø. Velkommen til oss, ved studiespesialiserende på Austrheim vidaregåande.

Teknologi- og industrifag

Teknologi- og industrifag er ei yrkesfagleg utdanning. På vg2 kan du velje mellom Industriteknologi og Kjøretøy. Etter to år på skule er det vanleg å søke læreplass for å ta fagbrev. Både før og etter læretida kan du ta påbygging til generell studiekompetanse.

Forteljarstemme i filmen: Om du ønsker den best moglege utdanninga innan mekaniske fag, er teknologi- og industrifag ved Austrheim vidaregåande, tidlegere kalt TIP,  linja for deg. Austrheim vidaregåande har eit svært tett samarbeid med næringslivet i Nordhordland, kanskje særleg med bedriftene på Mongstad. Teknologi- og industrifag er ei linje for deg som er arbeidssom, mekanisk og teknisk interessert, som likar å fikse ting, eller… Berre likar å skru.

På vg2 kan du gå industriteknologi, som involverer 10 veker med praksis, innanfor potensielt mange ulike fagområder. Kjøretøy på vg2 har også blitt ei attraktiv linje, kor du får praksis på bil- og motorsykkel-verkstader. Framtida er elektrisk, og skulen har investert i ein eigen elbil for utdanningsformål, slik at du får den relevante opplæringa. Austrheim vidaregåande har eit trygt og godt skulemiljø, kor det er lett å trivast. Så mykje som over 90 prosent av elevane på teknologi- og industrifag ved Austrheim vgs får læreplass etter skulen. Med den toårige utdanninga på teknologi- og industrifag stiller du sterkt i ein bransje med stort behov for arbeidskraft, og om du står på vil du mest sannsynleg komme deg raskt i arbeid.

Lennart har pussa opp porten

Tilrettelagt opplæring

Vi tilbyr opplæring i tilrettelagte grupper for elevar som har behov for det. Gruppene er knytt opp mot eit utdanningsprogram. Opplæringa tar utgangspunkt i dei faga eller delar av faga som eleven kan meistre. Eleven får eit kompetansebevis som viser kva mål i læreplanen som er gjennomført.

Les meir om Tilrettelagt opplæring ved Austrheim vgs

Informasjonsfilm

Vil du sjå litt korleis vi har det her ved Austrheim Vidaregåande skule? Her er ein kort film som fortel litt.

Filmen syner korleis det er å vere elev her ved skulen og dei ulike utdanningsprogramma vi kan tilby. Det er korte glimt frå kvardagen i klasserom og verkstad, og ikkje minst frå kantina og bibliotek der venner møtest og kontaktar vert knytt.

Bilete av framsida på skulebrosjyren

Skulebrosjyre 2022

Her finn du den siste skulebrosjyren til Austrheim vidaregåande skule.

Kontaktperson Studiespesialisering

Kontaktperson for studiespesialiserande fag og for fellesfaga på yrkesfag

Sigbjørn Georg Tresvik

Ass.rektor og leiar for studiespesialisering og fellesfaga på yrkesfag
Ass. rektor Sigbjørn Georg Tresvik

Kontaktperson Yrkesfag

Kontaktperson for dei yrkesfaglege programfaga og tilrettelagt opplæring

Helge Dyrkolbotn

Avdelingsleiar for yrkesfaga
Avdelingsleiar Helge Dyrkolbotn