Hopp til hovedinnhold

Tilrettelagt opplæring

Lennart på verkstaden

Vi tilbyr tilrettelagt opplæring for elevar som har behov for det. Opplæringa er knytt opp mot eit utdanningsprogram og tar utgangspunkt i dei faga, eller delar av faga, som eleven kan meistre. Eleven får eit kompetansebevis som viser kva mål i læreplanen som er gjennomført.

Vi tilbyr:

  • Opplæring i tilrettelagt gruppe
  • Opplæringa blir organisert gjennom individuell opplæringsplan (IOP)

I gruppa kan det vere elevar som har både HTA arbeidstrening, der me særleg vekt på å førebu deg til eit varig tilrettelagt eller ordinært arbeid etter vidaregåande skule, og HTH kvardagslivstrening der det vert lagt særleg vekt på opplæring i basiskunnskap innan aktivitetar i dagleglivet.

Kvar elev i desse gruppene har ulike behov og du vil få undervisning tilpassa dette. Opplæringa er knytt til eit av skulen sine opplæringsprogram. Nokre elevar kan med støtte delta i ordinær klasseundervisning i enkelte fag. Ta kontakt om du lurer på kva vi kan tilby deg.

Arbeidspraksis i verna bedrift eller tilrettelagt arbeidsplass vert vurdert etter behov og nytte.

Søknad

Du som ønskjer plass i tilrettelagde grupper, må søkja om plass på særskild grunnlag. Søknadsfristen er 1. februar.

Rådgjevar for 10.- klasse har informasjon og hjelper til med innsøkingsprosessen.

Ordninga krev at du har enkeltvedtak om spesialundervisning.

Søknadsprosessen er todelt. Del 1: Send søknad via nettsida vigo.no. Del 2: Fyll ut eige vedleggsskjema som du finn på Vestland fylke sine sider. Du gjer dette saman med rådgjevar på sin skule.

Nemningane (HT, HTA og HTH) på gruppene er dei du søkjer til ved inntak til vidaregåande opplæring dersom du har behov for særskilt tilrettelegging.