Hopp til hovedinnhold

Naturbruk

Oppdrettsanlegg

Er du interessert i natur og miljø, dyr og menneske? Då kan naturbruk passe for deg. Du kan bli lærling etter 1-2 år på skule, og så ta fagbrev. Du kan også gå vidare på Vg3 og ta yrkeskompetanse eller studiekompetanse, avhengig av kva programområde du vel.

Vi tilbyr vg1 og vg2

Dette er utdanninga for deg som er praktisk anlagt, interessert i utandørsarbeid og likar å jobbe med menneskje, dyr, miljø og naturressursar. 

Oppdrettsnæringa er ei viktig næring i vår region, og bedriftene treng folk med kompetanse innan akvakultur. Næringa står også ovanfor ei spennande teknologiutvikling, slik at ho vert meir berekraftig, noko som også opnar for auka produksjon og fleire arbeidsplassar.

Første året (vg1)

Austrheim vgs har blå profil på naturbruk, og er såleis mest retta mot akvakultur (oppdrett av fisk og anna sjømat) og fiske. På vg1 vil du likevel få dekka eit minimum også knytt til den grøne delen av naturbruk med landbruk som den viktigaste.


Skulen har tett samarbeid med bedrifter, og du vil om lag ti veker av skuleåret vere utplassert i bedrift. I utgangspunktet tenkjer me utplassering i oppdrettsnæringa, men dersom du har ynskje innan fiske og fangst eller i landbruk, vil me leggje til rette for det.


I undervisninga vert det lagt opp til ei rekkje bedriftsbesøk, og skulen har mellom anna godt samarbeid med dei to visningssentra for akvakultur i regionen.

Søk opptak via VigoLæreplan vg1 naturbruk

Andre året (vg2)

Skulen får oppretta vg2 akvakultur frå skuleåret 2023-2024.

Oppdrettsnæringa er ei viktig næring i vår region, og bedriftene treng folk med kompetanse innan akvakultur. Næringa står også ovanfor ei spennande teknologiutvikling, slik at den vert meir berekraftig, noko som også opnar for auka produksjon og fleire arbeidsplassar.

På vg2 akvakultur vil du vere utplassert opp mot 15 veker i bedrift, og vil også vere rundt på ein del bedriftsbesøk. Utdanninga vil såleis skje i tett samarbeid med næringslivet.

Søk opptak via Vigo

Læreplan vg2 akvakultur

Oppdrettsanlegg

Vegen vidare

Læreplass

Etter vg2 kan du bli lærling innan det utdanningsprogrammet du har vald. Medan du er i lære vil du få løn av arbeidsgjevaren din. Når du er ferdig med læretida (to år), kan du gå opp til fagprøven og får fagbrev.

Korleis få læreplass

Vg3 på skule

Når du er ferdig med vg2, kan du og velje å fortsetje på skule og ta vg3 påbygging til generell studiekompetanse. Då får du får generell studiekompetanse og kan søkje på dei fleste studium ved høgskular og universitet.

Er du usikker på kva du vil bli, kan du lese meir om ulike utdanningar og yrker på Utdanning.no