Hopp til hovedinnhold

Korleis bli lærling

Korleis bli lærling

Her finn du litt informasjon om kva du må gjere om du vil bli lærling.

Det er vanleg å gå ut i lære for å ta fagbrev etter fullført Vg2 i dei fleste yrkesfaga. Du må sjølv søkje læreplass. Her er nokre tips om kva du kan gjere:

Finn godkjent lærebedrift

Kanskje veit du om ein bedrift der du ønsker å søke læreplass? Viss ikkje kan du finne lista over godkjente lærebedrifter på vilbli.no. Du kan og kontakte dei lokale opplæringskontora.

Søk om lån og stipend

Informasjon finn du på Lånekassen

Søk læreplass

Det er fleire måter å søke læreplass på. Du kan sjølv oppsøke bedrifter eller sende ein søknad. Store bedrifter har ofte eigne opptak av nye lærlinger. Uansett kva du vel tilrår vi at du søkjer gjennom vigo.no for å sikre at søknaden er registrert hos fylkeskommunen. 

Lærekontrakt

Når du har fått læreplass inngår du ein kontrakt med bedriften. Då blir du lærling. Bedrifta har ansvar for at du får den opplæringa du treng for å gå opp til fagprøve.

Fag- eller sveineprøva

Lærlingeperioden blir vanligvis avslutta med fag- eller sveineprøva. Den blir laga med utgangspunkt i læreplanen i faget ditt.

Rettar og plikter som lærling

Som lærling er du under opplæring samstundes som du er arbeidstakar. Du har difor rettar knytt til både opplæringslova og arbeidsmiljølova.

Elev- og lærlingombod

Venke Nordeide og er elev- og lærlingombod i Vestland fylkeskommune. Ho jobbar for at du som er elev, lærling eller lærekandidat får oppfylt rettane dine. Hos ho kan du få råd, rettleiing og støtte. Les meir her: Elev- og lærlingombodet