Vestland fylkeskommune sitt Ordens- og åtferdsreglement gjeld for alle dei vidaregåande skulane i Vestland fylkeskommune. Med heimel i §13 i dette reglementet har Austrheim vidaregåande skule innført eit lokalt tillegg som utdjupar det felles reglementet.
Tilleggsreglar orden og åtferd:
- Mobiltelefonar skal vere på lydlaus eller slått av i sekk, lomme, skap eller mobilhotell, og ikkje liggje synleg på pult. Desse skal ikkje nyttast med mindre læraren seier at dei kan nyttast i undervisninga. PC skal vere lukka eller delvis lukka når undervisninga startar, og skal berre brukast når læraren seier at den kan/skal nyttast.
- Elevane skal helde orden i klasserom, korridorar, kantina og elles på skulen sitt område. Kvar enkelt skal rydde opp etter seg, og kaste søppel i rett avfallsdunk (kjeldesortering). Skulebøker og anna materiell/utstyr som vert oppbevart på skulen skal oppbevarast i tildelt skap. Tomflasker vert samla i eigen sekk/dunk som vert fjerna kvar fredag.
- Det skal vere ro i klasserommet når det er undervisning. Eting skal ikkje skje når det er undervisning, med mindre læraren etter førespurnad gir tillating til det. Toalettbesøk skal primært skje i friminutt, men etter førespurnad kan læraren tillate toalettbesøk i timen.
- Mopedar/motorsyklar skal berre nyttast til transport til og frå skulen, samt eventuelle naudsynte ærend. Rusing og køyring på skulen sitt område er forbode.
- Smittevernreglane skal følgjast. Overtreding og sabotasje mot desse er ikkje tillatt.
Tilleggsreglar sanksjonar:
Ordens- og åtferdsmerknader kan bli gitt ved følgjande:
- For seint til undervisning
- Manglande innlevering av elevarbeid
- Manglande opprydding
- Gløyming av undervisningsmateriell og/eller –utstyr
- Vekke frå arbeidsstad i YFF utan å gi beskjed til kontaktlærar og arbeidsplass
Dersom elev oppnår sum på 6, skal det sendast varsel om fare for nedsett ordenskarakter.
Dersom elev oppnår sum på 8, vert eleven sett ned til NG i orden.
Dersom elev oppnår sum på 12, vert eleven sett ned til LG i orden.
Siste frist for innlevering av arbeid er 1 veke etter avtalt tid. Elevarbeid som vert innlevert etter dette, vert som hovudregel ikkje retta. Skjønn vert sjølvsagt utøvd ved sjukdom og anna dokumentert fråvær. Manglande innlevering kan få konsekvens for termin- og standpunktkarakter.
Ved eventuell stenging av skulen og nettbasert heimeundervisning skal lærar nytte skjønn når det gjeld merknader ved manglande innlevering av elevarbeid, dersom det vert mange fleire innleveringar enn i ein normal skulekvardag. Manglande innlevering vil uansett i ein slik situasjon verte vurdert som manglande deltaking, og vil dermed kunne få konsekvens for vurdering i faget og eventuelt for fråvær.
Åtferdsmerknader kan bli gitt ved følgjande:
- Ulovleg PC- eller mobilbruk i undervisning
- Forstyrring av undervisninga
- Påverknad, bruk, oppbevaring og eller sal av rusmiddel på skulens område og ved all aktivitet i skulens regi.
- Røyking av både tobakk, elektroniske sigarettar og snuse på skulens område og ved all aktivitet i skulens regi.
- Skade og hærverk.
- Mobbing, trakassering eller andre krenkingar fysisk, verbalt eller digitalt.
- Spreiing av lyd- og/eller bildeopptak av elevar, lærarar eller andre tilsette utan deira samtykke.
- Oppbevaring av farlege gjenstandar eller våpen på skulen sitt område.
- Bruk av internett og elektronisk utstyr til å laste ned materiale i strid med norsk lov.
- Spreiing av lyd- og bildeopptak av elevar, lærarar eller andre tilsette utan deira samtykke.
- Fusk eller forsøk på fusk på prøvar/innleveringar.
- Brot på verne- og tryggleiksreglar som læraren krev og/eller er påbodne av arbeidstilsynet.
- Rusing av motor eller køyring med moped/motorsykkel på skulens område i skuletida unntatt køyring ved naudsynte ærend.
- Brot på smittevernreglar.
Alvorsgraden vil kunne variere, og det vert derfor tatt ei vurdering basert på skjøn av kontaktlærar i samråd med faglæarar og avdelingsleiar før ein sender varsel om fare for nedsett karakter i åtferd.
Merknad kan gjevast i tillegg til anna sanksjon, som til dømes bortvising og erstatningskrav.
Ved bortvisning frå timen/aktiviteten for resten av arbeidsøkta etter vedtak fatta av faglærar, vert elev tilvist til eige rom med sjølvstendig arbeid. Avdelingsleiar/rektor vert varsla, og fører tilsyn.