Hopp til hovedinnhold

Påbygging til generell studiekompetanse

Klasseromsundervisning

Har du gått på yrkesfag og ønskjer å ta høgare utdanning? Då kan du ta påbygging til generell studiekompetanse. Du kan søkje både før og etter læretida. Utdanninga fører fram til generell studiekompetanse.

Vi tilbyr 3PÅ

Hos oss kan du oppnå generell studiekompetanse ved å fullføre og greie vg3 påbygging til generell studiekompetanse etter at du har 

• fullført og greidd vg1 og vg2 frå eit yrkesfagleg utdanningsprogram eller
• fått yrkeskompetanse (med eller utan fag- eller sveinebrev)

Kva kan du bli?

Med greidd påbygging til generell studiekompetanse kan du søkje opptak til alle studium ved høgskular og universitet, både i innland og utland, som krev generell studiekompetanse. 

Mange vel utdanning innan same fagfelt som yrkesutdanninga si.


Du kan søkje deg inn på profesjonsutdanningar som til dømes

  • sjukepleiar
  • lærar
  • lege
  • politi
  • fysioterapeut, med meir


Du kan og byggje opp ei utdanning av ulike universitetsfag, til dømes

  • russisk
  • filosofi
  • kunsthistorie
  • sosialøkonomi
  • fysikk
  • marinbiologi, og liknande


Du kan utdanne deg til yrkesfaglærar innan det fagområdet du har fagbrev i.

Søk opptak til 3PÅ via Vigo

Påbygging til generell studiekompetanse (vg3)

Dette året tek du fag som du treng for å få generell studiekompetanse. Faga er:

  • norsk
  • matematikk
  • naturfag
  • historie
  • kroppsøving
  • valfritt programfag

Du kan lese meir om 3PÅ på vilbli.noLæreplan 3PÅ

Høgskulen i Sogndal

Vegen vidare

Når du er ferdig med påbygging til generelle studiekompetanse, kan du søkje læreplass eller opptak til studier på høgskule eller universitet.

Søk opptak til høgare utdanning på Samordna opptak

Er du usikker på kva du vil bli, kan du lese meir om ulike utdanningar og yrker på Utdanning.no.