Hopp til hovedinnhold

Skuleskyss

Bilete av elev på buss

Det går både buss og båt til skulen. Bussane stoppar utanfor skulen. Båten legg til ved gamle rutebåtkaien i Mastrevikane.

Kven har rett på gratis skuleskyss?


Følgjande elevar på vidaregåande skule har rett på gratis skuleskyss:

  •  Dei som bur utanfor ungdomsbillettområdet, eller er for gamle til å kjøpe ungdomsbillett, og har meir enn 6 km til skulen. Ungdomsbillett gjeld frå og med 16 år og til du fyller 21 år. Her kan du sjølv sjekke om du bur i eit ungdomsbillettområde Kart - Skyss Elev
  • Dei som har skuleskyss med båt
  • Elevar med varig eller mellombels funksjonshemming/sjukdom kan ha rett på skyss uavhengig av reiselengde


Elevar som har rett på gratis skyss, bur utanfor ungdomsbillettområde og tek buss, kan søkje sjølv via sjølvbeteningsportalen Velkommen til Skyss Elev!. Hugs å velje om du ønskjer å ha billetten på app eller få utdelt eit fysisk kort. Ønskjer du appen må mobilnr du legg inn vere det same som mobilnr appen er registrert på.
Skulen sender inn søknad for elevar som bur innanfor ungdomsbillettområdet og som er over 21 år.


Elevar kan reise gratis til skulen første skuledag.

Særskild skyss

Skal du søkje om skuleskyss på medisinsk grunnlag, eller manglar kollektivtilbod for eksempel på sideveg (meir enn 3 km), må du ta kontakt med kontoret på skulen snarast mogleg etter ferien eller første skuledag. Kontoret opnar att 5. august, men send gjerne ein epost til post.auv@vlfk.no. Ved skulestart er det 14 dagar behandlingstid hos Skyss. Transport i påvente av godkjend søknad må ordnast sjølv.

Skuleskyssbillett på mobil eller fysisk kort

Du kan velje om du vil ha skuleskyssbilletten i appen "Skyss" eller få eit fysisk kort. Billetten er uansett gyldig for reise mellom heim og skule ml kl 05.30-22.00. Skal ein reise andre stader må ein kjøpe seg eigen billett til dette.
Elevar som har kort frå før, og ikkje vil nytte appen, skal bruke same kortet dette skuleåret då det er gyldig så lenge du har godkjend skuleskyss, dvs søkt og fått godkjent for nytt skuleår.

Skyss til utplassering/praksis

Dersom du har obligatorisk utplassering i bedrift i løpet av skuleåret vert skuleskyss dekka etter same reglar som for skyss mellom heim og skule. Reglane om ungdomsbillett gjeld og. Hugs å søkje i god tid, seinast 14 dagar før utplasseringa tek til.

 

Er du tidlegare elev og har flytta må du ta kontakt med kontoret på skulen.
Elevar som reiser med ferje har ikkje bruk for anna enn vanleg skuleskyssbillett.
Du kan lese meir om skuleskyss på Skyss sine nettsider om skuleskyss i vidaregåande skule.

Korleis kjem du deg til skulen?

Det er Skyss sine bussar som går til skulen, og som korresponderar med båt og ferje. Båten frå Solund og Gulen legg til ved gamle rutebåtkaien i Mastrevik rett nedanfor skulen.
Ferjeselskapet er Fjord1 medan Vidar Hop Skyssbåtar AS har båtruta mellom Hardbakke-Mjømna-Mastrevik.

Resepsjonen

Har du spørsmål om skuleskyss, kontakt oss i resepsjonen.

Marte Hovda Hansen

spesialkonsulent
marte.hovda.hansen.jpg

Vibeke Njøten

førstekonsulent
Vibeke Njøten.jpg

 

Her finn du ruteopplysningar:

Skyss.no

Fjord1.no

Vidarhop.no