Hopp til hovedinnhold

Biblioteket

Biblioteket til skulen

Skulen ønskjer alle elevar velkommen til biblioteket! Biblioteket finn du i 1. etasje i hovudbygget, og her er både faktabøker og skjønnlitteratur.

Me samarbeider med andre bibliotek, og hjelper til med å skaffa bøker du ikkje finn i hylla vår. Spør bibliotekaren om hjelp.

Biblioteket er ein god plass å sitte og jobba, både i grupper og med individuelt arbeid. Du kan sjølvsagt óg koma på biblioteket berre for å ta ein pust i bakken om du vil.

Det er Austrheim folkebibliotek som har ansvaret for biblioteket ved skulen.

Opningstider

Skulebiblioteket er ope kvar dag i skuletida.

 

Låneavtale for elevar i vidaregåande opplæring

Vestland fylkeskommune har teke i bruk ei digital skjemaløysing for avtale om vilkår for utlån av læremiddel, skuleutstyr, mv for elevar i vidaregåande opplæring. Alle elevar må signere denne avtalen kvart år. Skjemaet krev autentisering med MinID/BankID.

https://skjema.vlfk.no/opplaering/person/lanekontrakt_elev

 

Bibliotekar

Kari Tresnes er bibliotekar på skulen og har jobba her sidan 2018. Ho er å treffa kvar tysdag kl 8.30-15.00. Dei andre dagane finn du ho på Austrheim folkebibliotek på kommunehuset her i kommunen.

Bibliotekaren

Kari kan hjelpe deg å finne bøker, artiklar og anna. Ho er på skulen kvar tysdag kl 8.30-15. Send gjerne ein sms eller ein epost utanom denne tida.

Kari Tresnes

Bibliotekar