Studiespesialisering

Klasseromsundervisning

Er du interessert i teoretiske fag og ønskjer å studere ved universitet eller høgskule seinare? Då kan du velje studiespesialisering. Utdanninga er treårig og fører fram til generell studiekompetanse. Du kan òg velje fag som gir spesiell studiekompetanse.

Kvifor velje Studiespesialisering?

  • Du får studiekompetanse som gjer det mogleg å søkje opptak ved høgskular og universitet
  • Du får ei brei allmennutdanning som gjev deg kunnskap både innan språk, historie, realfag (matte, naturfag, kjemi, fysikk, biologi, geofag), religion, geografi, samfunnsfag (sosiologi og sosialantropologi, politikk og menneskerettar, historie og filosofi), engelsk og norsk
  • Du får innsikt i samfunnet og dei ordningar som påverkar og formar dette 

 

Kva kan du bli?

Vel du full fordjuping i realfag vil du få spesiell studiekompetanse, slik at du kan søkje opptak ved til dømes ingeniørstudium, legestudiet og veterinærstudiet.


Vel du fordjuping innan dei andre programfaga, får du generell studiekompetanse og kan søkje opptak til dei aller fleste studium ved høgskule og universitet. Døme på aktuelle yrke er:

  • psykolog
  • jurist
  • lærar
  • sjukepleiar
  • illustratør
  • revisor
  • fysioterapeut
  • skodespelar
  • økonom
  • politi
  • omsetjar, og mykje, mykje meir

Vg1

Det første året på studiespesialisering har ein kun fellesfag, det vil seie fag som er obligatorisk for alle. Fellesfaga gjev grunnlag for å velje rett programfag i 2. klasse.

Fellesfaga er:

  • norsk
  • matematikk
  • engelsk
  • samfunnskunnskap
  • geografi
  • andre framandspråk
  • naturfag
  • kroppsøving

 

I andre framandspråk kan du velje mellom spansk og tysk. Dei som har hatt framandspråk alle tre år på ungdomsskulen, kan velje å byte framandspråk på vidaregåande.

Søk opptak via Vigo

Læreplanar studiespesialisering vg1

Vg2

Andre året på studiespesialisering skal du velje programfag. Du må velje om du vil ha fordjuping innan realfag eller språk, samfunnsfag og økonomi.

Kvart programfag har fem veketimar (à 45 min). Du vel to fag innan fordjupingsfaga, og eitt fag som forsterkar dette eller eitt fag frå det andre fordjupingsområdet.

Realfag

  • matematikk R1
  • fysikk 1
  • kjemi 1
  • biologi 1
  • geofag 1

Læreplanar realfag vg2

Språk, samfunnsfag og økonomi

  • Engelsk 1
  • Historie og filosofi 1
  • Sosiologi og sosialantropologi

Læreplanar språk, samfunnsfag og økonomi vg2

 

Idrettsfag - frittståande programfag - Friluftsliv 1

I faget lærer du å bruke naturen i praksis, mellom anna skal du planlegge og gjennomføre turar i vassmiljø og vinterfjellet med overnatting. Elles skal du lære om klede, kosthald, reiskap og førstehjelp. Friluftsliv er eit spennande fag der ein er mykje ute og lærer i praksis.

 

Søk opptak til vg2 via Vigo

Vg3

Tredje året på studiespesialisering skal du velje to programfag som byggjer på den fordjupinga du valde på vg2. I tillegg skal du velje eitt programfag som forsterkar fordjupinga di, eller eitt frå det andre programområdet.

Realfag

  • matematikk R2
  • fysikk 2
  • kjemi 2
  • biologi 2
  • geofag 2

Læreplan realfag vg3

 

Språk, samfunnsfag og økonomi

  • engelsk 2
  • historie og filosofi 2
  • politikk og menneskerettar
  • spansk III/tysk III
  • spansk/tysk 1+2 (for dei som ikkje har framandspråk frå ungdomsskulen)

Læreplan språk, samfunnsfag og økonomi vg3

Søk opptak til vg3 via Vigo

Lektor 2

Skulen er med i Lektor 2-ordninga der elevane som har teoretisk matematikk mellom anna får ein dag med undervisning og praktisk bruk av matematikk på Equinor Mongstad.

 

Energiskule

Skulen er godkjent som energiskule og har eit undervisningsopplegg i geofag i samarbeid med TCM på Mongstad. Vi har også solcellepanel og vindmølle som blir brukt i naturfagundervisninga på skulen.

Høgskulen i Sogndal

Vegen vidare

Etter at du har fullført vg3 på studiespesialisering kan du søkje opptak ved høgskular og universitet i Noreg og i utlandet.

Søk opptak til høgare utdanning på Samordna opptak

Er du usikker på kva du vil bli kan du lese meir om ulike utdanningar og yrker på Utdanning.no