Hopp til hovedinnhold

Skulehelsetenesta

Venterommet utanfor helsesøsterkontoret

Skulehelsetenesta er eit tilbod til deg som elev og som du kan oppsøke når du treng det. Vi har teieplikt og tenesta er gratis.

Helsesjukepleiar

Helsesjukepleiar Anja Låstad held til i 2. etasje i Hovudbygget, rom nr 217. Ho er innom på skulen kvar mandag og tysdag.

Ta kontakt ellers på mobil, 945 06 746. Send gjerne ein sms for avtale.

Du kan snakke om kva som helst, t.d. prevensjon, spiseproblem, rusproblem, graviditet, psykiske vanskar … andre problem som gjer dagen din vanskeleg og som du har behov for å snakka med ein vaksen om.

Helsesjukepleiar formidlar kontakt med andre fagpersonar som du kan ha behov for å snakka med – t.d. psykiatrisk sjuepleiar, prest, fysioterapeut, psykolog, sosionom m.fl.

Me skriv ut resept på p-pillar, delar ut kondom ved behov, tek graviditetstestar m.m.

Me har teieplikt, og all formidling av hjelp er gratis.

Det er gyldig fråvær å gå til helsesjukepleiar. Be om å få lapp med frå helsesjukepleiar om at du har vore der.

Skulelege

Time til lege på ungdomshelsestasjonen får du hjå helsesjukepleiar, sjå over.

Psykolog

Helsesjukepleiar kan tilvise til kommunal psykisk helseteneste som kjem til skulen og tek elevsamtalar ved behov. Tilbodet er gratis.

Helsesjukepleiar

På skulen vår har vi ei helsesjukepleiar som du kan ta kontakt med. Send gjerne ein sms for avtale.

Anja Låstad

Helsesjukepleiar