Vg2
Industriteknologi
I starten av skuleåret vert det jobba ein del med å skape eit godt klassemiljø, delvis også saman med køyretøyklassen. På vg2 industriteknologi vert du førebudd for å jobbe med industriell produksjon, og du får ei meir spesialisert opplæring, mellom anna i dreiing, fresing, sveising, CNC og robotteknologi.
I den meir teoretiske delen av programfaga vil du lære høg teknisk standardisering, arbeidsprosedyrar og dokumentasjon. Lærarane legg vekt på å ha ein god samanheng mellom den teoretiske og den praktiske delen av programfaga. Vg2 industriteknologi nyttar den store produksjonsverkstaden to dagar i veka.
Austrheim vgs har eit tett samarbeid med industribedrifter i regionen. Du vert utplassert bedrift i totalt 6-8 veker. Det er også mogleg å vere utplassert ein dag i veka i tillegg. Dessutan er ein også på vg2 på ein del bedriftsbesøk. Lærarane på Austrheim vgs bidrar og hjelper, slik at alle som fullfører og består vanlegvis får læreplass.
Søk opptak via VigoLæreplan vg2 industriteknologi
Kjøretøy
I starten av skuleåret vert det jobba ein del med å skape eit godt klassemiljø, til dels også saman med industriteknologi. På vg2 køyretøy er hovudområdet verkstadarbeid, noko som omfattar mellom anna vedlikehald, feilsøking og val av reparsjonsmetodar på ulike køyretøy, motorar og utstyr. Skulen har også ein spesialbygd elbil/hybridbil til undervisningsføremål.
Elevane har to heile verkstaddagar. Den yrkesfaglege teorien består for det meste av korte demonstrasjonar/instruksjonar som elevane deretter lærer seg å gjere i praksis.
Austrheim vgs har eit tett samarbeid med bilverkstader i regionen. Du vert utplassert bedrift i totalt 6-8 veker. Det er også mogleg å verte utplassert ein dag i veka i tillegg. Lærarane på Austrheim vgs bidrar og hjelper, slik at alle som fullfører og består vanlegvis får læreplass.
Søk opptak via Vigo
Læreplan vg2 kjøretøy
Maritime fag
Ynskjer du å starte ein spennande maritim karriere på havet, anten i styrhuset eller maskina? Då er dette linja for deg!
Etter vg2 maritime fag kan du reise om bord i lære som matros eller motormann på mange forskjellige typar fartøy som for eksempel fraktebåt, ferje/cruisebåt, tankbåt, offshorefarty, brønnbåt eller slepebåt.
Kanskje du ser for deg ein karriere i Kystvakta? Forsvaret rekrutterer lærlingar som har gjennomført vg2 maritime fag. Skulen samarbeider med både reiarlag og forsvaret når det gjeld utplassering av elevar i løpet av skuleåret!
Det vert stilt høge sikkerheitskrav til å arbeide på sjøen. I løpet av skuleåret får du tilbod om fleire relevante kurs som grunnleggjande sikkerheitskurs, kurs for sjøfolk med særlege sikringsplikter, MOB og redningsfarkoster, stroppe- og anhukerkurs og radiosertifikat.
Felles programfag du skal ha dette året er:
• skipstekniske tjenester
• dokumentasjon og kvalitet
• valfritt programfag: dekk eller maskin
Søk opptak via Vigo