På denne sida finn du ein del praktisk informasjon om dette skuleåret. Mange av elevane har god kjennskap til ordningane, mens det for andre er heilt nytt. Her står litt om startsamtalar, skuleskyss, stipend, og elevpc.
Praktisk info skuleåret 2022-2023
Startsamtalar
Elevar og føresette på vg1 og vg2 får innkalling til startsamtale med kontaktlærar i veke 34 eller 35. Lapp med tidspunkt vert delt ut ein av dei første skuledagane. Dersom tidspunktet ikkje passar, kan de ta kontakt med kontaktlærar for endring av dette. Det er viktig at elevar under 18 år har med føresette. På vg3 gjennomfører kontaktlærar startsamtalar med elevane.
Skuleskyss
Det går både buss og båt til skulen. Alle elevar som har rett på skulereisekort eller må reise med båt, må søkje sjølv på denne nettsida SkyssElev.
Har du rett på gratis skuleskyss og du er ny elev ved skulen får du utlevert skulekort ved skulestart. Var du elev forrige skuleår skal du nytte same kortet som du hadde då og du får eit oblat til å ha på det gamle kortet ditt. Alle må hugse å søkje i SkyssElev.
Elevar som bur i ein ungdomskortsone, må nytte ungdomskort. Reglar for dette finn de på Skyss.no eller på skulen si heimeside.
Elevar som treng særskild skyss, t.d. sidevegsskyss eller særskild skyss pga funksjonshemming eller mellombels skade, må ta kontakt med kontoret snarast etter skulestart.
Bussruter finn du på Skyss.no.
Stipend
Er du elev og har ungdomsrett, får du utstyrsstipend frå Lånekassen. Du får stipendet uavhengig av føresette si inntekt. Hugs at du må søkje om stipendet for å få det utbetalt. Du søkjer på Lånekassen. Bruk søknaden for vidaregåande opplæring. Elevar på yrkesfaglege utdanningsprogram vg1 og vg2, må rekna med ein del utgifter til utstyr og materiell til bruk i undervisninga. Nærare informasjon får du frå kontaktlærar. Alle elevar får gratis lærebøker til utlån på skulen.
PC
Undervisninga i vidaregåande skule krev PC. Alle elevar i vidaregåande opplæring i Vestland fylkeskommune har sjølv ansvar for å stille med PC til skulestart i august. PC er eit nødvendig verktøy i din skulegang. For vg1-elevar finn du info om bestilling og val av PC her Elevpc , og på skulen si heimeside.