Hopp til hovedinnhold

Her vert full fart i løpet av våren - skulen bygger ballbinge!

Bilete av ballbingen

Det vert eit skikkeleg løft for uteområdet ved skulen når ballbingen er heilt ferdig, seier rektor Frode Hervik som stolt kan fortelja om både ballbinge, nye sitteplassar og oppstraming av parkeringsplassane.

Bygging av ballbinge er eit resultat av at elevrådet ynskte eit betre tilbod på uteområdet til skulen, og rektor tok dei på ordet når ballbinge kom øvst på ønskelista. Ballbingen vart bestilt i haust og elevane på vg2 anleggsteknikk tok fatt på grunnarbeidet. No har leverandøren teke over arbeidet og rektor håper ballbingen vert ferdig i løpet av februar/mars.
Leiar i elevrådet Frøya Soltveit Gabrielli er strålande fornøgd med at elevrådet vart teke med på råd og høyrt i sine ynskjer. -Eg trur dette vert veldig kjekt for oss som går her ved Austrheim vidaregåande skule, og det er viktig at vi har moglegheit til litt aktivitet i friminutt og fritimar, seier Frøya.