Hopp til hovedinnhold

Miljøkoordinatorar ved Austrheim vgs

Miljøkoordinatorane ved Austrheim vgs

Helsing frå miljøkoordinatorane ved Austrheim vgs!

Vi, Thomas og Tone Marie, er miljøkoordinatorar her ved Austrheim vgs.
Vår oppgåve er å følgje opp elevar, vere ein god samtalepartnar og lage hyggjelege samankomstar i samarbeid med elevrådet. Det er mogleg å koma til oss med både sosiale og faglege oppturar og nedturar. De vil sjå oss på skulen, både i kantina og i klasseromma. Viss de ikkje finn oss er vi lett tilgjengelege på Its learning og døra til kontoret vårt i kantina er alltid open om vi er der. Vi håper på mange gode samtalar gjennom året. Bur du på hybel og treng hjelp til noko, kan du snakke med oss så skal vi prøve å gjere hybellivet så godt som mogleg for deg.