Hopp til hovedinnhold

God sommar frå Austrheim vgs

Bilete av elevar med ulike fotballtrøyer

Lærarar og elevar er sende heim, og vi står att med planlegginga av neste skuleår. Samstundes må vi også ta oss tid til å sjå tilbake og ta innover oss kor mykje bra vi har fått til i år. Skuleåret har vore utruleg innhaldsrikt – heilt frå dag éin, med fantastiske tilsette og flinke elevar.

Allereie i sommarferien i fjor fekk vi førespurnad frå fylkeskommunen om å opprette tre nye klassar, grunna manglande skuleplass for mange elevar. Vi tok utfordringa. Den siste klassen, vg1 bygg- og anleggsteknikk, fekk vi førespurnad om berre ti dagar før skulestart. Klart vi sa ja! Dei andre klassane vi tok inn, var vg3 påbygg og vg1 teknologi- og industrifag. Med dette følgde også 18 jobbintervju i innspurten mot skulestart. Rask ombygging av naturfagssalen, bordtennisrommet og biblioteket gav oss rom til å huse dei nye klassane. Her må det også lyde ein stor takk til driftleiar Ole Kristian og til ungdomane i sommarjobb, som stod på heilt fram mot skulestart.
I tillegg kom ein planlagd ekstra klasse innan maritime fag, og Austrheim vidaregåande skule er no godt etablert som ein god maritim skule.
Vi kom utruleg godt ut frå start, og lukkast godt med både nye klassar, nye tilsette og meir liv og positiv energi i dei to bygga våre. Då hausten kom, måtte vi kjempe for å behalde påbygg som utdanningstilbod hos oss. Det lukkast vi diverre ikkje med. Til gjengjeld fekk vi lov til å gjere vg2 køyretøy søkbart igjen – og no ser vi fram til skulestart, der vi får dette tilbodet tilbake med eigen klasse. Hurra!
Vi har også jobba for å få behalde vg1 studiespesialiserande, og her kom vi heldigvis i mål. No rullar vi ut studiespesialiserande 2.0, med ny timeplanstruktur og tiltak som skal bidra til å gjere elevane endå meir studieførebudde. Samstundes håpar vi at dette kan vere med på å tiltrekkje endå fleire elevar på sikt.
Etter godt og strukturert arbeid dei siste åra fekk vi i januar Erasmus+-akkreditering. Dette skal bidra til at vi kan sende både elevar og tilsette på lærerike turar og etablere nye nettverk utover landegrensene. Allereie dette skuleåret hadde vi alle studiespesialiserande klassar på tur. Heldige oss!
Det komande skuleåret fører også med seg oppstart av vårt nye utdanningstilbod vg2 overflateteknikk. Det er kjempespennande, og vil supplere vg2 tømrar og vg2 anleggsteknikk. Saman gir dette eit breitt spekter av moglegheiter for elevane etter vg1 bygg- og anleggsteknikk ved Austrheim vidaregåande skule. Her har vi hatt eit godt samarbeid med næringsliv og Norsk Industri for å få dette til. Særleg har Svein Egil Lerøy frå Aker Solutions vore ein pådrivar og god samarbeidspart.
Vi har også fått undervisningskonsesjon i akvakultur. Dette gir oss nye og spennande moglegheiter til å utvikle undervisninga, styrkje samarbeidet med næringa og gi elevane endå meir relevant og praksisnær opplæring. Gjennom ein avtale med Firda Seafood, som skal drifte konsesjonen vår, vil vi kunne gi elevane på vg2 akvakultur eit endå betre grunnlag for å bli gode lærlingar.
Etter kvart har vi også utsikt til eit nytt skulebygg, som truleg blir plassert på eksisterande skuletomt. Dette er ein spennande prosess som vi ser fram til å følgje – og etter kvart bli ein del av.
Vi går sommaren i møte med håp og tru på ei flott framtid for Austrheim vidaregåande skule. Vi ser fram til det komande skuleåret, og vi kjenner på stor takksemd for innsatsen dei tilsette, elevane og samarbeidspartnarane våre har lagt ned gjennom året. Det er denne innsatsen som gjer at vi har lukkast så godt som vi har gjort.


Administrasjonen og leiinga er på bygget til og med veke 27. Elles er det berre å ta kontakt på e-post: post.auv@vlfk.no.

God sommar – alle saman!