På denne sida finn du ein del praktisk informasjon om skulestart. Mange av elevane har god kjennskap til dei ulike ordningane, mens det for andre er heilt nytt. Her står litt om skuleskyss, avtalar og samtykke, stipend, elevpc og startsamtalar.
Informasjon skuleåret 2026-2027
Skulen har nokre ledige plassar
Dersom det ikkje er venteliste og skulen har ledige plassar kan skulen ta inn elevar som tek kontakt. Skulen har ei eiga intern venteliste. Ønskjer du å stå på den kan du kontakte ass.rektor på e-post kasper.brandt.slettebakken@vlfk.no.
Står du utan skuleplass i haust? Vi har nokre ledige plassar på følgjande utdanningstilbod:
• Akva vg2
• Tømrar vg2
• Helsearbeider vg2
• Kjøretøy vg2
• Overflateteknikk vg2
• Studiespesialiserande vg1, vg2 og vg3
Ta kontakt med assisterande rektor Kasper B. Slettebakken om dette kan vera aktuelt for deg.
Alle elevar må i løpet av dei første vekene ha gjort følgjande:
- Gje skulen opplysningar om kven dei ønskjer skal vere deira kontaktpersonar. Bruk QR-kode i resepsjonen.
- Signere elektronisk avtale om utlån av skulebøker og anna utstyr (lenke til lånekontrakt) (bla ned på sida til Nyttige lenker)
- Signere elektronisk samtykke til bruk av bilete (lenke til samtykke) (bla ned på sida til Nyttige lenker)
- Søkje i SkyssElev om skulereisekort dersom dei meiner dei har rett på gratis skuleskyss. Treng du særskild skyss må du ta kontakt med kontoret (og ikkje søkje i SkyssElev)
Skuleskyss
Det går både buss og båt til skulen og alle som har rett på gratis skuleskyss må søkje. Her finn du viktig informasjon om skuleskyss
Digitale avtalar
Vestland fylkeskommune har teke i bruk digitale skjemaløysingar for:
- avtale om vilkår for utlån av læremiddel, skuleutstyr, mv for elevar i vidaregåande opplæring (lenke til lånekontrakt) (bla ned til Nyttige lenker)
- samtykke til bruk av bilete (lenke til samtykke) (bla ned til Nyttige lenker)
Alle elevar må signere desse to skjema kvart år. Skjema krev autentisering med MinID/BankID.
Lenkjer til begge skjema finn du og på Skoleportalen, følg denne lenka: skoleportalen.no. Bla deg ned på sida til Nyttige lenker.
Stipend og lån - Lånekassen
Er du elev og har ungdomsrett, får du utstyrsstipend frå Lånekassen. Du får stipendet uavhengig av føresette si inntekt. Hugs at du må søkje om stipendet for å få det utbetalt. Du søkjer på Lånekassen og logger deg inn med BankID/MinID. Bruk søknaden for vidaregåande opplæring. Elevar på yrkesfaglege utdanningsprogram vg1 og vg2, må rekna med ein del utgifter til utstyr og materiell til bruk i undervisninga. Nærare informasjon får du frå kontaktlærar.
Bøker
Alle elevar får gratis lærebøker til utlån på skulen. Hugs å signere den digitale låneavtalen kvart skuleår. Låneavtalen finn du her på skoleportalen.no under Nyttige lenker og i denne lenka (lånekontrakt).
Elev-PC
Undervisninga i vidaregåande skule krev pc. Alle elevar i vidaregåande opplæring i Vestland fylkeskommune har sjølv ansvar for å stille med pc til skulestart i august. Pc er eit nødvendig verktøy i din skulegang. Du kan kjøpe ein rimeleg pc gjennom Vestland fylkeskommune. All informasjon om ordninga finn du i denne lenka Elevpc.
Ved kjøp av subsidiert elev-pc gjennom Vestland fylkeskommune vurderer skulen det slik at det rimelegaste alternativet, Dell Pro 14 (kr 2.525,-), er tilstrekkeleg og blir tilrådd for elevar både på studiespesialiserande utdanningsprogram og yrkesfag.
Skoleportalen
Elevane finn mykje nyttig informasjon på Skoleportalen.no. Her er lenker til dei mest brukte systema våre og aktuelle programvarer, lenker til hjelp ved gløymt passord, kontrakt for samtykke til bruk av bilete, starthjelp for nye brukarar og mykje meir.
Startsamtalar
Elevar og føresette på vg1 og vg2 får innkalling til startsamtale med kontaktlærar seinast i veke 36. Dersom oppgjeve tidspunktet ikkje passar, kan de ta kontakt med kontaktlærar for endring av dette. Det er viktig at elevar under 18 år har med føresette. På vg3 gjennomfører kontaktlærar startsamtalar med elevane.
Verneutstyr og verktøylister
På nokre programområde må elevane sjølv skaffe seg personleg verneutstyr og anna naudsynt utstyr som skal nyttast både i verkstad og på utplasseringsstad. Dette gjeld teknologi- og industrifag vg1, industriteknologi vg2, bygg- og anleggsteknikk vg1 og tømrar vg2. Les viktig info og sjå utstyrslistene her.