Hopp til hovedinnhold

Helsearbeidarfag på Erasmus+-utveksling til Spania

Gruppebilete av elevar og vaksne som var med på turen til Spania

Vi er svært takknemlege for moglegheitene Erasmus+-stipendet gjev oss!

I oktober var helsefagarbeidar-klassen ei veke i Murcia i Spania og besøkte ein vidaregåande skule. Der fekk vi ta del i skulekvardagen, lære om korleis det spanske helsevesenet fungerer, og oppleve spansk kultur og historie på nært hald. Opphaldet har gjeve oss verdifull innsikt og mange nye erfaringar. Vi opplevde at det finst mange likskapar mellom helseutdanninga og helsevesenet i Spania og i Noreg, men også fleire interessante skilnader. Dei største skilnadene såg vi då vi besøkte Reina Sofia sjukehus.

Utvekslinga har gjeve oss elevar auka fagleg forståing, nye perspektiv og minne vi vil ta med oss vidare!