Det er påkrevd å bruke personleg verneutstyr i verkstaden og på utplasseringsstaden. De kan sjølv velje kvar de vil kjøpe utstyret de treng.
Nokre lokale bedrifter har skulekampanje med tilbod på mykje av nødvendig utstyr, me kan organisere felles tur for å prøve og kjøpe utstyr der. Om dette er ønskeleg må elevane ha med seg pengar denne dagen.
Dersom verneutstyr forsvinn eller blir øydelagt i løpet av året, må eleven sjølv skaffe nytt utstyr. Dette gjeld skriveutstyr og. Hugs å merke med namn og ta vare på utstyret.
Det kan vere lurt å kjøpe kodelåsar til bruk på verkstadskåp, så ein unngår å gløyme nøkkelen.
Alle elevar skal ha med seg skrivesaker (blyant, viskelær, linjal, kulepenn, osv) og skrivebøker - antall etter behov.
Under her finn du listene - merk at det er ei for bygg- og anleggsteknikk og ei for teknologi- og industrifag.
Utstyrsliste for bygg- og anleggsteknikk vg1 og tømrar vg2
Utstyrsliste for teknikk- og industrifag vg1 og industriteknologi vg2