Hopp til hovedinnhold

Kvifor velje Austrheim vidaregåande skule?

Elevane samlast i kantina

"Me bryr oss" er slagordet til skulen

Me som jobbar her på skulen brenn for det ærefulle oppdraget me har, nemleg å bidra til læring og utvikling - både fagleg og sosialt – hjå ungdom. Når elevane går ut herifrå, er dei klare til å entre høgare utdanning eller yrkeslivet gjennom læreplass.

Og læreplass får dei aller fleste som vil ha av våre elevar. Me er nemleg blant dei beste skulane i landet på å få elevar ut i lære.

Kvifor velje oss?

Austrheim vgs er rett og slett ein veldig god skule som set eleven i sentrum med variert undervisning, høg trivselsfaktor og kjempegodt skulemiljø.

Viss du vil gå på ein oversikteleg skule der du blir kjend med elevar på kryss og tvers av klassane, og der du også opplever å bli sett av og godt kjend med lærarane, er Austrheim vgs staden for deg.

Her vil du få faglege utfordringar gjennom variert undervisning, der ein lærer ved å gjere ting i praksis og elles gjennom variert undervisning.

Bilete av framsida på skulebrosjyren

Skulebrosjyre 2022

Her finn du den siste skulebrosjyren til Austrheim vidaregåande skule.