Hopp til hovedinnhold

Vg3 Påbygg skuleåret 2024-2025

Elevar på skulebiblioteket

Austrheim vgs får ein del førespurnader om påbygg neste skuleår.

Det vart vedteke at tilbod om påbygg på Austrheim vgs vert tatt vekk frå hausten 2024. Det er likevel slik at nye klassar må vurderast oppretta, dersom det er fleire søkjarar enn elevplassar. Innanfor kvart område vil det i så fall bli gjort ei vurdering om dette.

Dersom det skal bli ei påbyggklasse på Austrheim vgs til hausten, er me såleis avhengig av at det vert mange søkjarar til påbygg på Knarvik vgs. Viss det er så mange at det må opprettast ei klasse til i Nordhordland, vert det gjort ei vurdering om denne skal plasserast på Knarvik vgs eller Austrheim vgs. Me kan såleis ikkje gjere anna enn å oppmode elevar som hadde tenkt å søkje påbygg på Austrheim vgs om å søkje påbygg på Knarvik vgs.