Hopp til hovedinnhold

Opning av ballbingen 24. februar

Rektor held tale

Stor stas når elevar og lærarar kunne opne den nye ballbingen som står klar for bruk.

Rektor Frode Hervik orienterte om bakgrunnen for at ballbingen no er på plass, og han takka elevrådet for at dei har engasjert seg. Han takka og elevane på vg2 anleggsteknikk for grunnarbeidet dei har stått for. Elevrådsleiar Frøya Soltveit Gabrielli takka for at ballbingen no er på plass, og ho klypte snora og erklærte ballbingen for open. Etter opninga var det klart for kamp mellom vg1 bygg og vg2 studie. Vinnaren her vart vg2 studie og dei fekk møta læraralaget i finalen. Med lærarauge var det ein jamn kamp som nesten endte uavgjort.

Snorklypping av elevrådsleiaren
Første kampen i ballbingen
Stor innsats i kampen mellom bygg vg1 og studie vg2
Frå kampen elevar mot lærarar
Sigbjørn Tresvik framfor ballbingen Siggen Stadion