Hopp til hovedinnhold

Digital skule fredag 19. januar

På grunn av oransje farevarsel med fare for mykje snø vert det digital skule i morgon fredag 19. januar.

Elevar: Sjekk dei enkelte faga si side på Its Learning for nærare info, og lenke til digitalt oppmøte. Det er påkrevd digitalt oppmøte etter vanleg timeplan. Fråvær vert ført som vanleg med grunnlag i digitalt oppmøte og eventuelt innlevering av arbeid.

Viss de ikkje har lasta ned Office365, må de gjere det viss det går heimanfrå. Viss ikkje må de laste ned Teams-appen. De som har Office365 har også Teams på PCen dykkar.

Skulen vil vere open, dersom det er nokon som ynskjer å følgje digital undervisning/arbeide på skulen.

Elevar som er utplassert i bedrift gjennomfører dette, så langt det er mogeleg å komme seg til praksisbedrifta. Her må de sjølve ta ei vurdering, eventuelt i samråd med bedrifta og føresette.

Dei som har fått innvilga drosje, må sjølve avbestille denne dersom de ikkje skal bruke den i morgon.