Hopp til hovedinnhold

Avvik i bussruter torsdag 18. januar pga verforholda

Skyss har ute informasjon om at det er såpass mange avvik (forsinkinger og innstillingar) på rutene i dag at dei ikkje greier å halde nettsida oppdatert med info om dette.

I tilfelle det er bussar som ikkje går heim igjen, er Austrheim vgs i beredskap. Me kjem til å sjekke kor mange elevar som står igjen kring kl. 15. Dersom bussar er innstilte vil me så langt det er mogeleg prøve å ordne anna transport. Viss det i einskilde tilfelle ikkje let seg gjere, vil me halde skulen open og sikre at alle vert ivaretatt.

Me får også spørsmål frå elevar om eventuell stenging og digital skule. Til det er det berre å seie at me ikkje lokalt på vår skule bestemmer dette, og at det er fylkeskommunen si beredskapsavdeling som tek desse vurderingane. Situasjonen i morgon er så langt me kjenner til under vurdering, men det ser ut til betring i vermeldingane og lite nedbør som er meldt utover dagen i morgon. Mest truleg vert det dermed skule som vanleg i morgon. Dersom det vert digital skule, vil alle elevar få SMS om dette.

Mvh Frode Hervik, rektor.