På møte mellom russestyret v/russepresident og skulen sin administrasjon 17. februar 2023 vart det semje om følgjande retningsliner for russefeiringa.
- Russen kan gå med russekler på skulen frå og med onsdag 26. april og fram til 17. mai 2023.
- Etter skulen sitt reglement er det ikkje lov å nytta alkohol eller andre rusmiddel på skulen sitt område. Det er heller ikkje lov å møta i påverka tilstand på skulen, jfr. skulereglementet. Dette punktet i skulereglementet gjeld sjølvsagt også for russen.
- For køyring med russebilar på skulen sitt område, gjeld dei same reglane som for andre bilar. Sjåførane har plikt på seg til å visa stor aktsemd og ta omsyn til andre elevar sin tryggleik. Farten skal vera låg, og ein skal ikkje køyra rundt på området i utrengsmål.
- Når det gjeld lydnivå på musikkanlegg i russebilane, skal det haldast på eit slikt nivå at det ikkje er til sjenanse for tilsette og andre elevar på skulen. På dagar med vanleg undervisning skal musikkanlegga berre nyttast i friminutt. Dersom andre elevar har prøvar som strekkjer seg over meir enn ein time skal russen ta omsyn til det og justera lydnivået slik at dei ikkje forstyrrar.
- All parkering skal skje på oppmerka felt.
- Også i år ønskjer russen på alle skular å gå saman om russefeiringa. Det betyr at ein ikkje skal ha aksjonar/hemnaksjonar retta mot andre vidaregåande skular. Russen skal også halda seg borte frå grunnskulen sitt område og ikkje forstyrra eller provosera elevane der.
- Vår skule skal ikkje vera arena for negative handlingar knytta til ”knutereglar”. Dersom slike aktivitetar er til skade for andre elevar, vil dette bli behandla som disiplinærsaker. Eventuelt regelverk for ”knutereglar” for russen skal leggjast fram for rektor for gjennomsyn/godkjenning.
- Russen skal ikkje provosera og/eller plaga andre elevar på skulen. Dersom det skjer, vil dette bli behandla som disiplinærsaker, jfr. skulereglementet. Det er ikkje tillate å ha ”terrorsjefar” og såkalla ”svartelister” eller foreta aktivitetar/handlingar som blir oppfatta som krenkande eller sjikanerande av dei som blir råka, eller foreta fysiske handlingar som går utover tryggleiken til elevane. Alle elevar har rett på eit trygt skulemiljø. Jfr. Opplæringslova, kap. 9a ”Elevane sitt skolemiljø”, særleg §9a-3: ……”Dersom nokon som er tilsett ved skulen får kunnskap eller mistanke om at ein elev blir utsett for krenkande ord eller handlingar som mobbing, diskriminering, vald eller rasisme skal vedkomande snarast undersøka saka og varsla skoleleiinga, og dersom det er nødvendig og mogeleg, sjølv gripa direkte inn".
- Det er ikkje tillatt med vasskasting eller bruk av vassgevær innandørs, og utandørs skal ein visa respekt for at elevar ikkje ønskjer å delta i vasskrig. Det er og sjølvsagt strengt forbode å bruka skulen sine brannslangar i denne samanhengen.
- Hærverk og all tilgrising av klede og andre eigedelar på skulen sitt område vil det også bli reagert strengt på.
- Det er forbode å driva sals- og marknadsføring på skulen sitt område.
- Rektor har ansvaret for at reglane ovanfor blir gjort kjent for alle elevar på skulen, og at det blir understreka at russen heller ikkje skal provoserast eller plagast. Reglar som er nemnde i punkt 8 og 9 gjeld også for alle elevar.
Elles viser vi til skulereglementet.
Avtalen er underskriven av ass.rektor Sigbjørn Georg Tresvik og russepresident Karoline Birgitte Stendal Byrknes, 17. februar 2023.