Hopp til hovedinnhold

Bu på hybel

Bilete av elevar som arbeidar i lag

Austrheim vgs disponerer og formidlar hyblar

Austrheim vgs har ein del elevar som bur på hybel, og legg vekt på at dei får ei viss oppfølging av miljøkoordinatorane våre. Det er også felles samlingar med middag på skulen for hybelbuarane. 

Austrheim vgs disponerer fem hyblar som ligg sentralt til like ved skulen. Frå skulen og hyblane er det gangavstand til butikkane på Mastrevik Torg. 
Om hyblane: 
3 hyblar som disponerer felles kjøkken og 2 bad
2 hyblar med eige bad og kjøkkenkrok

Skjema for søknad på skulen sine hyblar skuleåret 2026-2027 finn du her Søk om hybel på Austrheim vgs.  Tildeling av hyblar vert gjort 1. april, deretter fortløpande tildeling dersom ikkje alle hyblar er fulgt opp. Elevar på vg 1 vert prioritert, elles vert det prioritert etter tidspunkt for innkomen søknad. 

Austrheim vgs formidlar også hyblar til leige hjå private utleigarar, slik at dei som ikkje får eller ynskjer dei hyblane skulen disponerer, kan få kontaktinfo til utleigarar på førespurnad til skulen: post.auv@vlfk.no eller tlf. 56168000.

Frå skuleåret 2027-28 håpar skulen at dei nye utleigehyblane i det gamle kommunehuset skal stå klare, noko som vil forbetre tilgangen på hyblar i kommunen og gi totalt inntil 16 nye hyblar.