Er du praktisk anlagt og har godt handelag kan dette vere faget for deg. Du går 1-2 år på skule før du begynner som lærling i ei bedrift. Du kan i tillegg ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.
Vi tilbyr vg1 og vg2
Vg1 er felles for alle som tar bygg- og anleggsteknikk. Det er mange ulike programområde du kan gå vidare til på vg2. Det kan du lese meir om på vilbli.no. Her på Austrheim vgs kan du andre året velje vg2 tømrar eller vg2 anleggsteknikk. Her på skulen er vi heldige som har tradisjon for å få alle som er kvalifisert til det ut i ei lærebedrift. Som elev på bygg- og anleggsteknikk får du god opplæring, praktiske utfordringar, fysisk aktivitet og frisk luft.
Kvifor velje bygg- og anleggsteknikk?
Du kan bli tømrar, men òg mykje anna viss du vel bygg- og anleggsteknikk! Du kan for eksempel jobbe som:
anleggsmaskinførar
murar
røyrleggjar
malar
stillasbyggjar
banemontør, med fleire
Lurer du på kva du skal bli eller kva fag du kan velje på vg2? Ta kontakt med avdelingsleiaren (sjå kontaktinfo nedst på sida) eller les meir på vilbli.no.
Bygg i praksis
+
-
Se større bilde
Elevar som byggjer gapahukFotograf: Helge Dyrkolbotn
+
-
Se større bilde
Elevar byggjer gapahukFotograf: JS Norge
+
-
Se større bilde
Elev i gravemaskina
Bruk piltastene til å bla i bildene
Meir informasjon om vg1 og vg2 på Austrheim vgs
Vg1 bygg- og anleggsteknikk
På bygg- og anleggsteknikk brukar me mykje tid i oppstarten til å verte kjende, slik at ein byggjer eit godt klassemiljø. Du lærer mellom anna å byggja hytter, forskaling, stillas, murar og benkar. I tillegg får du vere med på aktuelle byggjeoppdrag frå private og offentlege i nærområdet. Du lærer å bruke ulike verktøy og maskinar. HMS er i høgsetet hos oss, og du får full opplæring i dette.
Austrheim vgs har godt samarbeid med næringslivet. På vg1 vert du utplassert i bedrift totalt fire veker i løpet av skuleåret. Det er i tillegg mogeleg å få til utplassering 1 dag i veka, dersom du har ynskje om det. I løpet av skuleåret reiser me også rundt for å besøke bedrifter for å få eit inntrykk av korleis det er i arbeidslivet. Du får også være med å besøke andre skular for å sjå nærare på kva du vil satse på etter vg1.
Me prøver å gjere teoridelen av programfaga så praktisk som mogleg. I fellesfaga legg me vekt på å yrkesretta dei best mogeleg, slik at du som elev ser samanhengen mellom til dømes matematikken og det å arbeide som tømrar.
På vg2 anleggsteknikk vert du førebudd på arbeidslivet i anleggsbransjen. I starten av skuleåret legg ein vekt på å byggje eit godt klassemiljø blant elevane på anleggsteknikk, og saman med tømrarklassen. Samstundes begynner den teoretiske og praktiske opplæringa til maskinførarprøven, og i løpet av hausten tek elevane maskinførarbeviset. Mesteparten av praksisen skjer ute i bedrift. Det vert også lagt opp til ei rekkje bedriftsbesøk for å få innsikt i ulike delar av bransjen.
På Austrheim vgs er vert du utplassert i bedrift om lag 10-13 veker i skuleåret, noko som gir solid praktisk opplæring og gode moglegheiter for læreplass. Me kjenner bedriftene i vårt område og har tett samarbeid med dei, både om praksis og overgangen til lære. Lærarane på Austrheim vgs bidreg og hjelper, slik at alle som fullfører og består vanlegvis får læreplass.
Overflateteknikk
På vg2 overflateteknikk vert du førebudd på arbeidslivet i industrien og byggjenæringa. I løpet av skuleåret vil me jobbe med å gje deg som elev kompetanse innan både industrimålarfaget og målar- og overflateteknikkfaget. Du vil få koma innom alt frå sandblåsing, industriell sprøytemåling, sparkling og tapetsering. HMS vil vera eit sentralt område gjennom heile skuleåret.
På Austrheim vgs vert du utplassert i bedrift 10-13 veker i skuleåret, noko som gir solid praktisk opplæring og gode moglegheiter for læreplass, spesielt i industrimålarfaget. Me kjenner bedriftene i vårt område og har tett samarbeid med dei, både om praksis og overgangen til lære. Lærarane på Austrheim vgs bidreg og hjelper, slik at alle som fullfører og består vanlegvis får læreplass.
Sjå filmen om industrimålarfaget her. Den er laga av Korrosjons-, Isolerings- og Stillasentreprenørenes Forening (KIS):
Tømrar
På vg2 tømrar blir du førebudd på arbeidslivet i byggjenæringa. I starten av skuleåret jobbar ein med eit større byggjeprosjekt samstundes som ein byggjer klassen saman for å få eit godt klassemiljø. I løpet av skuleåret vil ein jobbe mykje praktisk med diverse prosjekt ute på oppdrag hjå kundar. Då kan du jobbe med alt frå å setje opp bygg, tilbygg og renovering. Prosjekta kan også innehalde stillasbygging, forskaling, armering, støyping og muring.
På Austrheim vgs vert du utplassert i bedrift 10-13 veker i skuleåret, noko som gir solid praktisk opplæring og gode moglegheiter for læreplass. Me kjenner bedriftene i vårt område og har tett samarbeid med dei, både om praksis og overgangen til lære. Lærarane på Austrheim vgs bidreg og hjelper, slik at alle som fullfører og består vanlegvis får læreplass.
Etter vg2 kan du bli lærling innan det utdanningsprogrammet du har vald. Medan du er i lære vil du få løn av arbeidsgjevaren din. Når du er ferdig med læretida (to år), kan du gå opp til fagprøven og får fagbrev.
Når du er ferdig med vg2, kan du og velje å fortsetje på skule og ta vg3 påbygging til generell studiekompetanse. Då får du generell studiekompetanse og kan søkje på dei fleste studium ved høgskular og universitet.