Hopp til hovedinnhold

OPERASJON DAGSVERK 2024

Bilete av ungdom i arbeid med avlinga i Guatemala

OD-prosjektet i år er i samarbeid med Utviklingsfondet, og støttar ungdom i Guatemala.

Austrheim vgs har endeleg greidd å følge opp elevrådsvedtak fleire år tilbake i tid om deltaking i Operasjon dagsverk. OD-dagen er 31.10. Stusp vg2 og stusp vg3 gjennomfører onsdag 30.10. Dei klassane som er i praksis den veka deltek ikkje.

Den dagen skal elevane utføre eit dagsverk og få innbetalt 450 kr. Alle elevar skal prøve å skaffe seg ein jobb denne dagen. Dette kan dei gjere ved å spørje bedrifter og kommunale einingar. Desse betalar då inn 450,- via betale.od.no.

Elevar kan også lage sin eigen arbeidsplass, og må då opprette denne på betale.od.no. Dette kan dei gjere t.d. ved å jobbe for foreldre eller besteforeldre, eventuelt dei som allereie har ein jobb. De vil få ein QR-kode til betaling. OD-komiteen/solidaritetsgruppa vil også prøve å skaffe nokre arbeidsplassar til dei som ikkje greier det sjølve. Skulen vil også prøve å bidra til dette. Elevar i komiteeen har informert stusp123 og TIFab i dag, og vil informere dei som er tilbake frå praksis i neste veke. Elevar som ikkje vil delta, vil bli sett til førefallande arbeid på skulen denne dagen.

Det følgjer også med undervisningsopplegg. I samråd med elevane i komiteen har me valt to opplegg som skal gjennomførast; eitt i klassane og eit på tvers av klassane/skulenivå: Dokumentar: En bit av gangen | Operasjon Dagsverk (od.no). Dette tek ca. 30 min. å gjennomføre. Dokumentaren og refleksjonspørsmåla gir innblikk i årets prosjekt. I tillegg vil me arrangere ein Escaperoom konkurranse for heile skulen tysdag 29.10 i 5. time. Meir info om denne kjem. Orsak litt sein info om dette, men dette har me ikkje gjort før, så me hoppar i det.

Meir info om Operasjon Dagsverk 2024