Hopp til hovedinnhold

Elevar har laga leikeapparat til barnehage

Bilete av elevar og leiketog i barnehagen

Elevar på bygg- og anleggsteknikk vg1 har laga leikeapparat til Solhaugen barnehage på Lindås.

Elevane har arbeidd med leikeapparata i fleire månader, endeleg står dei ferdige. Dei har laga fleire tipiar og eit flott tog med lokomotiv og fleire vogner, alt solid bygd i tre med fine detaljar. Dei har arbeidd utifrå teikningar som kontaktlærar Roy Asle Tungland har laga etter forespørsel frå barnehagen. Bygg-elevane syntest det har vore eit meiningsfylt arbeid og det har vore kjekt å sjå kor borna har gleda seg til dei skulle bli ferdige.

Leikeapparata vart høgtideleg avduka med snorklypping og jubel i førre veke. Austrheim vgs takkar Solhaugen barnehage for oppdraget og håpar at ungane kosar seg med toget!

Bilete av elevar og leiketog i barnehagen, toget vert bygd