Fråværsreglement for deg som er elev i vidaregåande skule.
Dersom du har fråvær skal du melde frå til skulen same dag. Skulen skal følgje opp fråværet ditt frå første dag. Oppfølginga skal tilpassast årsaka til fråværet og behova dine. Målsetjinga er at du skal vere til stades og delta i opplæringa.
Vi gjer merksam på at direktør for opplæring og kompetanse har føreteke ei tolking av forskriftsteksten og har bestemt at ein i Vestland skal legge til rette for at:
1) Elevar med auka risiko for helsefråvær – kroniske helseproblem - kan dokumentere slikt fråvær frå første time/dag slik at det ikkje tel med på fråværsgrensa. Eleven må framvise dokumentasjon på slik sjukdom (NB: ein skal ikkje leggje til grunn dokumentasjon på fråvær der eleven har vore borte med vanleg forventa sjukdom som sesonginfluensa her.)
2) Innkalling til planlagt behandling, eller undersøkingar i helsevesenet (avtalte timer og konsultasjonar hos lege/tannlege/psykolog/BUP/fysioterapeut/sjukehus og likande) skal førast som D fråvær og ikkje telje med på fagfråvær. Kontaktlærar handsamar desse fortløpande som før.
Vedtaket vart gjort 19. november 2025 og skal ha tilbakeverkande kraft frå skulestart 2025.
Korleis skal elevar med auka risiko for helserelatert fråvær framvise dokumentasjon slik at fråværet kan dokumenterast med kode D frå første time/dag:
• Eleven har dialog med kontaktlærar
• Eleven leverer dokumentasjon.
• Dokumentasjonen vil vere grunnlag for godkjenning av elev sitt helserelaterte fråvær (også framtidig fråvær)
Rettleiar for oppfølging av fråvær

