Russetida skal være ei positiv, inkluderande og trygg oppleving for russen, og eit minne for alle i skulesamfunnet. Reglement og handlingsplan for russefeiringa gjeld alle elevar som går vg3 ved Austrheim vgs. Russen og skulen har inngått ein avtale om reglar for russefeiringa. Avtalen kan du lesa her og den underskrivne avtalen finn du nederst på sida.
Avtale om reglar for russefeiringa 2026
Føremål
Russetida skal være ei positiv, inkluderande og trygg oppleving for russen, og eit minne for alle i skulesamfunnet. Avtale om reglement og handlingsplan for russefeiringa skal trygge elevar, lærarar og andre tilsette ved Austrheim vgs mot hærverk og trakassering på skulen sitt område. Elevar skal
ha tryggleik for eige liv og alvorlege helseutfordringar og kunne kjenne seg trygg i skulemiljøet.
Elevane sitt læringsmiljø skal ikkje uroast. Skulen, hus i nabolaget og i nærleiken skal skånast mot hærverk.
Hugs:
- det er skule i russetida, "test før fest"
- vurdering og eksamensførebuing gjennomførast som normalt
- å vera til stades på skulen er viktig for resultatet
- eksamen våren 2026 startar før russetida
- skulen sitt reglement gjeld også i russetida - utan unntak
Rammer
Reglement og handlingsplan for russefeiringa gjeld alle elevar som går vg3 ved Austrheim vgs
- Russen på alle skular skal være inkludert, russen skal være saman om russefeiringa og skape gode relasjonar. Det betyr at aksjonar /hemnaksjonar skulane seg imellom ikkje vil være samsvarande med dette. Ved vår skule er det uaktuelt med «kriging» mellom skular. "Svartelisting" av elevar skal ikkje skje.
- Etter normalreglementet er det ikkje tillat å nyte alkohol eller andre rusmidlar på skulen sitt område. Det er heller ikkje tillate å møte i ruspåverka tilstand på skulen.
- Kostnadar ved skade på skulen sitt område utført av russen på Austrheim vgs (herunder også aktivitetar som det kostar ekstra å rydde opp etter) kan bli belasta skulen sitt russestyre. Dersom slike hendingar skal oppstå vil det være russestyret sitt ansvar å få «rydda opp» i situasjonen på best mogleg måte.
- Vår skule skal ikkje være arena for negative handlingar knytt opp mot for eksempel «knutereglar». Dersom slike aktivitetar er til skade for medelevar, vil dette bli handsama som disiplinærsak. Dersom russen utarbeidar «knutereglement» skal det vere skilje mellom skuletid og fritid.
- Eggkasting og kasting av andre matvarer som mjøl, sukker, ketsjup, osb skal ikkje skje på skulen sitt område. Det same gjeld kasting av kjemikaliar som maling og liknande.
- Det er forbode å bruke av vatnballongar/vatngevær inne på skulen sitt område. «Terrordagar» oд «kidnapping» er totalt forbode.
- Det er forbode å drive sal og marknadsføring (herunder russeeffekter) på skulen sitt område.
Russearrangement
Alle sosiale russearrangement som russefestar, konsertar og liknande vert lagt til helgane og heilagdagar i den grad det er mogleg.
Russeaviser
Russestyret tek avstand frå alt materiale som vert publisert av anonyme personar.
Skulen sitt ansvar for rettferdig handsaming av russ
Direktør opplæring og kompetanse oppmodar alle lærarane til å sjå an situasjonen og halde seg til det enkelte tilfelle slik at det ikkje skal gå ut over andre russ på Austrheim vgs.
Sanksjonar ved brot på ordensreglement (gjeld alle elevar ved skulen)
- Uvørden/overdriven aktivitet - tilsnakk
- Mindre regelbrot - samtale, oppførsel
- Grove regelbrot - åtvaring om nedsett oppførselskarakter/utvising
(eggkasting/valdeleg åtferd/mobbing) - Gjentatte regelbrot - åtvaring om/evt. nedsett oppførselskarakter /utvising
- Lovbrott kan medføre til at saka vert meldt til politiet
Lokal tids- og handlingsplan
- Reglement og handlingsplan vert gått gjennom og signert på møte der russen, russestyret og rektor deltek. Russestyret ved skulen har ansvar for å gjere reglementet og planen kjent for resten av skulen sin russ.
- Reglementet vert gjort tilgjengeleg på skulen si nettside
Viktige datoar våren 2026
| Dato | Arrangement |
| 12.02.2026 | Foreldremøte for vg2 og russ vg3 i Vestland, - StorBergen, Amalie Skram vgs |
| Dato kjem | Digitalt trafikksikringsarrangement, Trygg trafikk |
| 13.05.2026 | Russedåp |
| 13.05.-19.06.2026 |
Russeklede kan brukast på skulen sitt område |