Tyskelevane har fått kontakt med tysktalande Erasmusstudentar som tar eit år av studiet sitt i Bergen, nokre på juss, andre på psykologi, informatikk eller anna. Seks av dei kom på besøk førre veke, og seinare kjem fleire.
Studentane fekk omvising på skulen med studie 1, og elevane imponerte stort med språkmeistring og initiativ.
Sidan studentane går på norskkurs i Bergen og er interesserte i alle sider ved Norge, fekk dei vere med i ein norsk- og ein engelsktime med andre klassar, og dei syntest det var interessant å sjå korleis vi arbeider med faga her i landet.
Etterpå tok vg2 over. Dei presenterte ulike sider ved norsk kultur, som kva ungdommen gjer på fritida, kva musikk ein høyrer på og kva mat vi liker. Studentane fekk også sjå bilde og lære litt om distriktet vårt med mellom anna oljeindustri og øysamfunn. No er det ikkje berre språk og grammatikk ein skal arbeide med i språkfaga. Ein skal også utvikle interkulturell kompetanse. Slike besøk gir ein god moglegheit både til å sjå eigne forhold utanfrå og å lære litt om korleis folk lever andre stader. Til slutt leika alle «Liker du naboen din» både på tysk og norsk, og det ble mykje latter når ein skulle formulere seg i full fart.
Etter skulen drog studentane i lag med nokre av elevane og lærarane til Fedje. Når ein ser kor begeistra utlendingar blir av dette landskapet, får vi ei påminning om kor heldige vi er som bur på ein slik stad. Pernillekafeen heldt ope eins ærend for gruppa vår. Vi må takke ordførar Stian Herøy, som «eigentleg» jobbar på skulen vår, som kom og snakka på klingande tysk om fortid og framtid for "die Insel im Meer». Utsikta frå balkongen på trafikksentralen fekk fram det forventa wow’et frå gjestane. Dei var veldig nøgde med turen til Nordhordland, og Ksenia meinte det var beste dagen ho hadde hatt i Noreg. Elevane syntest at dette var ein god måte å lære på, så då er i alle fall læraren nøgd.