Austrheim vgs ynskjer velkommen til nytt skuleår!
Alle elevar må i løpet av dei første vekene ha gjort følgjande:
- Gje skulen opplysningar om kven dei ønskjer skal vere deira kontaktpersonar. Ta kontakt med kontoret.
- Signere elektronisk avtale om utlån av skulebøker og anna utstyr
- Søkje i SkyssElev om skulereisekort dersom dei meiner dei har rett på gratis skuleskyss eller særskild skyss
Låneavtale for elevar i vidaregåande opplæring
Vestland fylkeskommune har teke i bruk ei digital skjemaløysing for avtale om vilkår for utlån av læremiddel, skuleutstyr, mv for elevar i vidaregåande opplæring. Alle elevar må signere denne avtalen kvart år. Skjemaet krev autentisering med MinID/BankID.
SkyssElev
Elevane søkjer via lenka i den blå boksen under. Du loggar inn med MinID/BankID.
Meir informasjon til nye elevar
Her finn du meir informasjon om startsamtalar, skuleskyss, stipend og pc.

Skulebrosjyre 2022
Her finn du den nye skulebrosjyren til Austrheim vidaregåande skule.