Klage på standpunktkarakterar

Elevar kan sjå 2. termin- og standpunktkarakterane onsdag 15. juni i VISMA.

Klagefristen på standpunktkarakterar er 10 dagar, siste frist for å klage vert då 25. juni.

For elevar på Vg3 er det ein hurtigklagefrist sundag 19. juni. Om du vel å bruke hurtigklagefristen, vil klagen bli handsama før ettersendingsfristen til Samordna opptak.

Det er viktig at ein snakkar med faglæraren sin før ein sender inn klage, då det kan vere feilføring.

Meir informasjon og klageskjema finn du i lenka under.

https://www.vestlandfylke.no/utdanning-og-karriere/elev/eksamen-og-standpunkt/klage-pa-standpunktkarakter-og-karakter-i-orden-og-atferd/